fredag 12. juni 2009

Kamp 6: Grua - Gran 2: 1 - 1




(5.div: Grua – Gran 2) Leikegrinna til Gran var atter ope, og då er det ikkje lett å vere ung jypling frå Grua. Lag nummer tre på tabellen vitja lag nummer fire, og det ein skulle få sjå på bana gjenspegla tabellposisjonen. Det var ein flott kamp med høgt tempo i, målsjansar i fleng og dramatikk frå fyste til siste spark på ballen. Og ei perfekt kamp- sett bort frå at bortelaget burde dratt heimatt med alle poenga.

At Grua hadde ein framifrå fjerdeplass på tabellen og tok i mot laget like over, la ikkje nokon dempar på festen. Det var ein perfekt dag for det meste, utan den forbanna sola steikande og utan det fordømte regnet. Og det var to gode, trass i sine unge aldre, lag som møttes.
Gran 2 er eit nytt lag, samanslege av hynfantar, og i utgangspunktet skulle det vere enkelt for eit storlag som dei å knuse folk frå det lille grendesamfunnet Grua. Men bygdefolket synte at det budde meir tæl i dei enn i det forfalne byfolket her til lands - kor det til slutt skulle vere surt med uventa poengdeling for bortelaget.

Startopstillinga var som følgjer, i 4-3-3, frå målvakt åt åttak og frå høgre mot venstre: Sila; Charlie (Iron Bar) , Charter, Berg, Mjør Hagen; Ballis, Groven, Jan Anderes, Jurgen; Pcp, Skaarud. En haug var benyttet sub.

Kampen skulle vere prega av det meste. Opphenting, redningar, irritasjon, god og dårleg dømming og ein heilt enorm Ballis. Der dei resterande Gran-spelarane var nede i ein lågkonjunktur, så var Ballis på plass og gjorde jobben åleine. Og då resten av laget var med Ballis, så feide dei Gjrua av bana. Stakkarane som trudde dei hadde sigeren i boks og eit målkalass i vente skulle få seg eit kraftig sjokk då Gran hivde gavepakkene på dynga.

Kampen byrja i eit forrykande tempo, kor det var openbert at Grua ønskte seg eit tidleg mål for å kunne styre kampen ut. Gran såg ut til å ri av den verste stormen, med iherdig flyging i mellom, då det som pleier å vere fatalt skulle hende.

Sjølv om Grua hang litt etter i byrjinga, og stort sett i den fyste omgangen, så hadde dei sjansar. Grua hadde en kjapp smurf på venstrekanten. Han kom seg fri ved nokre døme, men fyrt alltid av låge og svakt skot. Sletmoen måtte gje nokre retura – og det så litt farleg ut. Men i staden skulle Sila slø fælsleg hardt tilbake, i hop med resten av laget.

Det var teikn på dette allereie før pause. Gran kom meir med og kjempa seg til målsjansar, til stor skriking frå Grua-benken. Robin kom seg gjennom, men ein god målvakt redda skotet hans. Og så var det Skiaker sin tur. Ein ball datt ned i beina hans innafor sekstenmeteren, han dempa, snudde seg og trilla ballen inn i hjørnet – dessverre utanfør. Pause 0 – 0

Etter pause skulle ein virvelvind møte Grua; ein virvelvind dei ikkje var i stand til å handtere. Trass i mange oppmøtte frå ”byen”, som gjorde eit forsøk på å leike tilhengjarar på ein måte som er ukjent i Noreg, så valde ein på tradisjonelt vis på Gran-sida å kritisere, diskutere og mase om alt det som var gale - slik tilhengjarar på bygda støtter sitt lag.

Det var stort sett eit lag på bana i andreomgangen. Der gruaungdommen skulle vere hovmodige - Grua-laget såg ungt ut, akkurat som Gran sitt - så gjorde grangdeungommen slik ein er vann med. Dei bretta opp ermene og flaug, herja og kjempa i senk alle vanskar til dei såg Faen i kvitauget. Årsbeste var i opptrapping for Gran-gutane (etter Kolbu).

Dessverre scorer en petti-kar først for Grua.

Ein fekk behelde ballen meir, ein vann alle duellar, ein traff medspelarar med pasningar og ein nærma seg mål. Og Ruden var eit åtak åleine. Og tribunens hakkekjukling, Knut Arne Sørli, skulle som vanleg slø til når det storma som verst kring han. Ein kamp ikkje av dei heilt store, heilt til han plutseleg skulle dukke opp og gjere jobben sin. Inn kom Ballis – og mål blei det.
Det er ikkje lett å hugse alle omstendigheitane kring målet hans, der Gran hadde byrja å spele fotball og pressa Grua langt mot eige mål. Men ein ball enda til slutt opp hjå Ballis, som befann seg på ca 18 meter, på eit skrått hold. Avslutninga hans var perfekt, ballen gjekk i ei perfekt bue, og til slutt i mål. Grua visste ikkje kva som hadde truffe deg, og Gran jaga siger.

Grua var heilt borte, og det kunne ha vore mindre farleg å miste ballen for Gran. Grua hadde ikkje overgangar. Dei vart nedsprunge av rabiate Gran-spelarar og stoppa lenge før dei vart farlege. Og Sletmoen slo tilbake. Gruakom seg åt to farlege sjansar, men både gongane sto målvakta i vegen med flotte returar.

Og så bles dommaren av kampen til poengdeling. Og trass i ein framifrå andreomgang så var det med ein bitter ettersmak at Gran ikkje vann i dag.

Og banens bestemann var det ikkje tvil om. Utan Ballis i dag, så kunne det vorte stygt for Gran. Om han ikkje fekk alle stemmene mellom spelarane i dag, så bør ein vurdere å leggje inn heile laget på lukka avdeling. Men han var ikkje åleine, og alle kunne til slutt gå av bana med hugu heva.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar